Startpage





download musicfile

Tolekniven
Stiklestad-tonane: dikt 1961.



Ein tolekniv eg åtte
-- då liten gut eg var --
med holk og nysølvslire
som til ein vaksen kar.

Men ingen ville slipe
den kniven kvass til meg.
Dei alle saman svara:
"Huff nei, då skjer du deg!"

Sjå, denne sløe kniven
han tidt og ofte glatt
og gjorde hakk i handa
så raude blodet skvatt.

Eg klaga denne nauda
ein dag for bestefar.
H a n   slipte kniven brennkvass
som til ein vaksen kar.

"No må du vera redd han
som lyn og farleg eld.
Sjå til at stø du held han
som om det livet gjeld !"

Han lærde meg å skjera,
han lærde meg å sjå.
Og støare vart handa
for kvart eit knivskjer då.




skrevet av Bjarne Slapgard


Bjarne Slapgard (født 11. november 1901 i Verdal - 25. desember 1997 i Levanger) var en norsk forfatter og folkehøgskole-lærer.


tonesatt av Abnescio


Abnescio ble utdanna ved universitetet i Trondheim. Og bor nå ved byen Molde. Og er barnebarn av Bjarne Slapgard.